STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

    

Korsets Seier 1979?

 

Anna Strømsrud til Paraguay for femte gong 

 

Lårdal pinsemenighet Eben-Ezer, hadde skipa til avskilsfest for Anna Strømsrud og Anne Windsvoll, som den 19. september reiste ut til misjonsfeltet i Paraguay. Og søstrene på Eben-Ezer kan kunsten å stelle til fest, den ære vil vi gje desse kjære venner. Støttemenighetane frå Mo, Skafså og Dalen var innbedne gjester, og samværet vart ei ugløymande stund for Guds folk som såleis fekk høve til å helse på gamle, trufaste kjære venner frå desse bygder.

Det er femte gongen Anna Strømsrud reiser ut til sitt kjære indianerfolk, der ho har lagt ned eit uvurderlegt arbeid i dei 19 år ho har vore misjonær i Paraguay.

Men ein kan aldri merke at Anna er grepen av tvil og vonløyse når ho står framfor ei ny utreise. Heller tvert om. Ho lengtar til dette folk og dette land, der ho legg ned sine evner og sine krefter for å redde og hjelpe forkomne og uvitande, men dyrebare menneskesjeler. 

 

 

Og at Anna har utført eit vidtfevnande arbeid blant Inidanerane, er sikkert. Både evangelisk og sosialt. For når ho nå kjem ut att, er det ikkje bare som evangelist og sjelsørger, men ho kjem med eit rykande ferskt eksamensbrev som nybakt agronom. Så nå kan ho gå på med bibelen i ei hand og traktorrattet i den andre, slik Hans Nilsen Hauge: «Handa på plogen og hjarta i himlen».

Og nå var Anna lukkeleg. For nå kan ho gå i gang for fullt med rydding og dyrking av dei 9 tusen mål jord ho har fått kjøpt, og som ho skal lære opp Indianerane i å stelle og byggje seg ein heim som er deira eigen. Draumen til Anna gjennom mange år er blive røyndom. Og Anna er takksam og lukke leg i si gjerning for sin Herre og Meister.

Anne Windsvoll, som har vore, ei god støtte for Anna i dei seinare år, og utført eit arbeid der ved sida av Anna som vi vanlege sikkert har liten forståing av, reiser også denne gongen ut, trass i sine mange år på «nakken», og utan noko i støtte frå menighetane her heime. Det må ein vel sei er å gløyme seg sjølv for andre?  

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com