STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

KS 11.august 2000

 

Minneord om Bonifacio Sales

 

Inge Bjørnevoll

 

Bonifacio Sales,   Paraguay, har gått heim til Gud. Tirsdag   18. juli gjekk Bonifacio Såles, leiaren for Ava Guarani-menigheten i Paraguay, inn til den evige kvila. Første meldinga var at han hadde kome under eit tre som han heldt på å felle. Seinare meldingar tyder på at han vart slegen ned bakfra og drepen på den måten.

Bonifacio var fødd i 1954. Bestefaren var den kjende medisinmannen Canuto Sales. Som ung vart Bonifacio sendt til en tysk katolsk misjon i byen Cnel. Oviedo. Etter nokre år kom han heim att, men uten at opphaldet såg ut til å ha sett varige spor i livet hans.

Då misjonær Anna Strømsrud flytte til indianarkolonien Fortuna ved Curuguaty, var Bonifacio ein av dei som kom under påverkning av evangeliet. Han tok mot Jesus og døypte seg seinare saman med ho som han delte livet med. Saman har dei fostra sju born, og den yngste av dei er no om lag to år.

 Bonifacio var ivrig etter å læra meir, både av åndeleg kunnskap og anna. Han flytte til kolonien Itanarami for å ta opp arbeid der. Samstundes starta han møte i landsbyen Villa Ygatimi der misjonærane Anne Lise og Ole Johs Jorud no bur. Som resultat av det arbeidet er der no ein lovande menighet tilhøyrande Filadelfia, Ypacarai.

 

Han vart invitert til Noreg av PYM i 1992. Det var i samband med eit jordbruksprosjekt PYM hadde då. Ein del vil kanskje hugsa han frå den gongen.

Då det vart på tale å laga eigen menighet for Ava Guarani-indianarane, vart Bonifacio leiar og representant for menigheten overfor staten. Denne oppgava hadde han heilt til no. Men å vera forstandar passa ikkje for han. Hans arbeidsplass var i skulen. Først underviste han mange år sjølv. Siste åra var han områderektor for 5 indianarkoloniar. Han var godt likt av leiinga for indianarskulane i Paraguay, og var mykje på kurs for å læra meir, eller for å halda kurs for andre lærarar i området han hadde ansvar for. Han nytte og stor respekt elles, både i lokalsamfunnet og hjå sentrale myndigheiter.

Då misjonen starta eit lære-bokprosjekt med Ave Guarani-ane, vart han frå starten ei av støttene. Han var den første av indianarane som var inne på Det evangeliske universitetet i Asuncion, og var med i medarbeidar-gruppa til prosjektet.

Bonifacio var ein blid medarbeidar. Han såg lenger enn dei fleste og kunne trekkja konklusjonar som var nyttige både for misjonen og for menigheten. Økonomistyring var ikkje hans sterke side, men samstundes var han ikkje av dei som gjorde seg ”liten” for å få økonomisk vinning av det. Ein mann me utlendingar snakka med og fekk råd av Ein mann som både menigheten han stod i og me så gjerne hatt med oss i mange år enno.

Me lyser fred over hans minne og ber om forbøn for familien hans i den vanskelege tida som ligg framfor.

 

Copyright ® 2012 www.pymisjon.com