STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

   KORSETS SEIER, lørdag 30. oktober 1982

   Ukens portrett: Frantz Mangernes

 

        Tekst: Inge Bjørnevoll  Tegn.: Ole B. Jarlvang

 

Misjonær Frantz Mangernes er av «dei stille i landet», og gjer ikkje mykje av seg korkje heime eller ute. Men likevel er han den misjonæren av våre som i dag har vore flest år i misjonsarbeidet her i Latin-Amerika. Neste år er det 35 år sidan han kom i land i Rio de Janeiro, som ein av pionerane mellom pinsevekkelsen sine misjonærar frå Skandinavia. Men før det jubileet, kjem 70-årsdagen  5. november, og som viser at han er ein av dei eldste misjonærane våre i det heile, ute i aktivt arbeid.

 

«Kvar eg har vore, har eg alltid prøvt å vera i Guds vilje med mitt liv«

For oss som er misjonærar i Paraguay eller Argentina, er «Han Frantz»» ein kjend skikkelse. Liten og tynn. Lett på foten, og dette enda han har slite med ein sjukdom i eit halvt års tid. Men no er han frisk att og i full gang. To grålege augo kikar ut under buskete bryn. Åra har sett sine spor, men når ein sit og pratar om arbeidet og kallet, skulle ein ikkje tru at han var komen opp til denne milepælen, 70 år.

Samtalen går stillsleg. Eit lunt smil her og der. Stundom eit poeng han vil streka særleg under. Kanskje kan han og vera kvass innimellom, men få kjenner han slik.

For tida finn me han oppe i byen Ing. N. Juarez, nokre kilometer sør for den sørlege vendesirkelen. Den byen vart ein gong stukken ut av ein norsk ingeniør, men no er det ein annan nordmann som alle kjenner best: Han Frantz. Han er skjeringspunktet for mange matakkoindianarar der dei møtte det moderne samfunnet med godt og vondt. Til han kjem dei både seint og tidleg, med sorger, problem og sigrar.

Fødd på Manger i Nordhordland

Han vart fødd på ein liten vestlandsgard 5. november 1912, og vaks opp der mellom knausar og sjø. Foreldra var personlege kristne, og lyennskapet til Ordet, kom tidleg. Også læråren hans var personleg kristen, og var med og forme boma på rett måte. Men likevel vart det nokre år av ungdomen borte frå Gud.

- Når overgav du deg til Gud?

- Hausten 1930 kom der ein indremisjonspredikant frå Sørlandet til Manger og hadde møte. Han ville aldri koma berre for eitt møte, han. Men når han fekk 14 dagar, så kom han. Og ofte måtte han vera lenger. Hans forkynning var alvorleg, og ofte understreka han sanningane om livet etter døden.

- Men korleis vart det at du då kom over til pinsevennene?

- Det vart splittelse i venneflokken, og nokre av desse var meir opne for pinseevangeliet enn andre. Eg hadde høyrt pinsevennene be og av og til vitna på indremisjonen sine møte, og det var lett å merka at dei hadde ein annan kontakt hned Gud enn oss. Og det å høyra om folk som hadde opplevt ting som me trudde var berre for apostlane si tid, gav oss lyst til å søkja inn til Gud etter meir.

Positiv «infiltrasjon»

- I dag les me i avisene om infiltrasjon i f.eks. indremisjonen av folk med andre læresyn. Slik det vært brukt, er det eit negativt lada ord. Korleis opplevde du dette?

- Eg og sikkert alle me der ute som opplevde å få oppleva åndsdåpen, opplevde det som noko positivt. Men det var sårt å oppleva når det vart kritikk og motvilje frå enkelte.

Det heile starte ved at ein del vart einige om å taka 14 dagar bønnemøte og be om å få oppleva dette som me hadde høyrt om. Og etter 10 dagar vart ein bror døypt i Den Heilage Ande. Neste kveld to unge søstre, og så ein etter hin.

- Hadde de den gong lokale eller bedehus til å samlast i?

- Det var husmøte den gongen. Først då menigheten vart ordna i 1934-35 kom det fart i sakene med eige lokale.

Døypt i Tabernaklet, Bergen

- Etter at me hadde opplevt åndsdåpen, vart det til at ein etter ein tok dåpen, nokre i sjøen om sommaren og andre i Tabernaklet, Bergen. Eg vart døypt i Tabernaklet i 1932 av Knudsen frå Ma. røy.

- Kva tid kom så kallet til misjonen?

- Det kom tidleg, alt i første åra som kristen. Men det var ikkje lett å forstå det. Det var mange ting ein visste at ein kunne, men det å forkynna Guds ord, var det eg syntes eg aller minst kunne. Men så etter eit stevne på Sletta i nyårshelga i 1940, drog eg ut på . den første turen som forkynnar.

- Eg var då såman med evangelist Sprøkland som vel var ein av pionerane på Hordalandsfeltet. Me reiste då til Leknes i ytre Osterfjorden

- Minnes du noko frå første møtet?

- Ja, eg hugsar eg vitna om at Jesus leitte etter det eine lammet. Og i det møtet vart ein ungdom frelst. Han var det eine lammet som skulle veita frelst den kvelden.

Seinare under krigen så var eg heime på Manger på garden om somrane, og ute og reiste i vinterhalvåret.

Utsend frå Bærum Pinsemenighet i 1948

- Eg hugsar at under krigen var det mange misjonskandidatar. Det stod i KS at me hadde 250 innan pinsevekkelsen, og Erling Strøm meinte at berre 50 kunne rekna med å få reisa ut. Men eg fortsette slik eg kjende Guds dragning, og så vart eg utsend frå Bærum Pinsemenighet. Det var gjennom misjonskonferansane at eg fekk kontakt med dei. Og ellers stod Manger og Nappane med i ansvaret.

 

 

Så i 1948 vart det utreise, endeleg. Eg hadde vore rundt og greitt å samla såman rasjoneringsmerke så eg skulle få meg ein dress, og det vart send til meg på båten. Og elles hadde me berre lov til å ta med oss 50 kroner ut av landet. Ved sida av det, hadde nokon gjeve meg eit pund og nokre dollar. Det var alt.

Første stogg: Brasil

- Eg gjekk i land i Rio de Janeiro der Leonard Pettersen tok mot meg. Ingen hadde språklærarar den gongen, så det var å gå på alle møte, og så å lesa og skriva heime. Slik kom me fort inn i møtespråket.

- Etter sju månader reiste jeg så vidare innover til Matto Grosso. Det var eit område med dårleg rykte den gongen, men eg hadde adressa til ein lettlendar som hadde flytt inn der eit år før. Til han reiste eg. Det var då rundt 150 pinsevenner fordelt på dei tre største byane i Matto Grosso den gongen. Mellom to av desse byane var det 900 kilometer!

Første staden eg stod for eit arbeid, var som interimforstandar ei tid i byen Corumba nær grensa ti! Bolivia. Seinare flytte eg til ein annan stad og prøvde å ta opp nye arbeid.

- Korleis har framvoksteren vore for arbeidet der sidan?

- Då eg reiste derfra etter første perioden, så var det 600 pinsevenner og mange nye stader der var møte opna av meg og andre arbeidarar. No har eg høyrt at det er mange menigheiter med 1000 medlemer, og fleire med over 3000 medlemer.

- Kvifor forlet du då arbeidet?

- Det var aldri tanken min å forlate Brasil. Eg treivst godt, og tanken på å læra eit nytt språk, likte eg ikkje. Men så då Per A. Pedersen skulle heim på ferie etter første perioden, fekk eg fleire spørsmål om å koma for å avløysa han. Til slutt sa eg ja, og slik drog eg andre perioden over til Argentina. På vegen møtte eg Bergljot Nordmoen, no Nordheim, som arbeidde nær byen Punta Pora, og ein Sanehez som samarbeidde med henne. Han var paraguayar, og eg skrev med han i mange år.

Arbeid i Nord-Argentina og Paraguay

- Tanken min var å stogga halvanna år i Nord-Argentina, men tilhøva gjorde at eg vart der mykje lenger. Og då eg seinare reiste på vitjing i Paraguay, fann eg at det var starta opp eit nytt arbeid i Paso Cadena nær grensa til Brasil. Der var tre norske søstre, og arbeidet var heilt nytt. Der var og Sanehez som eg kjende før. Då oppgavene var mange, så vart eg der vel eit år.

- Korleis var tilhøva i Paso Cadena den gong?

- Me hadde det nokså primitivt, opplevde mange positive ting i arbeidet. I den tida kjøpte meg og ein gammal jeep, og med den kunne me lettare reisa rundt å vitja folk. Fleire paraguayarfamiliar overgav seg til Gud, og også mange indianarar.

Tredje perioden vart det så at eg måtte tenkja over kvar eg skulle arbeida vidare. Og då fann eg at det i Nord-Argentina var minst arbeidarar og misjonærar. Eg fekk vita at arbeidet i Matto Grosso var i god framgang og at mange hadde flytt til. Dermed gjekk eg tilbake til matakkoindianarane og dei andre stammane i Embarcacion-området. Me hadde og arbeid mellom argentinarane den gongen.

- Den sosiale framgangen for indianarane er stor

- Den gongen me kom, var ofte indianerne redde for dei kvite, og doktorar og medisin. Derfor måtte me ofte ta dei med til sjukehuset for å få dei undersøkte, og ofte også få i dei medisinen. No derimot får dei handsaming på sjukehusa, og ofte går dei der utan at me veit om det. Ja, mange har og av dei sjølve fått opplering og er sjukepleiarae mellom sine eigne.

Skulegangen er det og staten som tek seg av no, og slik kan me meir ta oss av det andelege.

- Men kva med jorda? Eg veit du har samla inn mange misjonskroner til jord til indianarane ...

- Å skaffa indianarane jord der dei kan bu trygt, er svært viktig. Det arbeider me stadig med. Før då jorda var billeg og det var lett å få, var dei ikkje om seg. Dei såg ikkje betydninga av det.

Nett no held med på å gjerda inn eit stykke i utkanten av Juarez der eg har butt dei siste åra. Så no skal dei få seg jord der. Men der er ikkje vatn stort, så det er eit alvorleg problem for dei.

Ingen favorittar

- Eg har elles opplevt at Gud har vore med alle stader. Det har alltid vore mitt ynskje å vera der Gud ville ha meg. Det er veldig viktig.

Brasilianarane var opne og tok lett mot evangeliet. Eg likte meg svært godt mellom dei. Men så har eg sett at kven det er, indianarar eller kvite, når Gud får tak i dei, så er alt likt. Når Guds Ånd fell. er det ingen forskjel.

- Du har altså ikkje nokon favorittplass du helst ville ha vore alltid?

Nei, eg trivst alle stader. og alltid når eg har reist, har hjarta mitt vore att ei tid på den staden.

Og om du no kunne byrju om att på arbeidet ditt her ute, ville du då ha gjort noko anleis?

- Nei, heller ikkje. Som sagt har eg prøvt alltid å vera i Guds vilje med mitt liv, og då er det ingen grunn å ynskja det anleis. Gud har velsigna og vore med, og det er det største me kan oppleva.

Ikkje pensjonist-planar enno

- No du snart rundar 70 år, skal du ikkje snart gjeva deg og slå deg ned på Manger?

- Det er ikkje så lett. Her er ingen å taka over, og så lenge ein får vera frisk og ha arbeidslyst, så går arbeidet godt. Men eg hadde ikkje tenkt å vera lenge ute denne perioden, då eg reiste ut. No har eg ingen direkte planar.

Me vil gjerne få ynskje Guds rike signing  vidare  over  Frantz Mangersnes sitt arbeid.

 

Copyright ® 2012 www.pymisjon.com