STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Korsets Seier fredag 14. august 1992

 

Sterk godkjenning av norsk pinsemisjon i Paraguay

 

Landets øverste styresmakt til stades under innviinga av barneheimen Norma

 

Inge Bjømevoll (feltrepresentant) 

  

15. juli vart det opna eit nytt bygg ved barneheimen i Ypacarai i Paraguay. Ein sverm av pressefolk frå aviser, radioar og TV, sivile vakter og nysgjerrige var til stades då president Rodriguez sjølv kom for å opna bygget. Misjonær Inge Bjømevoll skriv om hendinga i denne artikkelen.

«Mision NORMA» er det offisielle namnet på norske pinseveners misjonsarbeid i Ypacarai. Det er snart 30 år sidan Jorunn og Lars M. Førland kom til landet. Dei tok litt etter kvart til å byggja det som i dag er barneheimen NORMA.

 

BILDET: Misjonær Lars M. Førland passerer snora etter at president Rodriguez har foretatt den offisielle opninga au nybygget til barneheimen NORMA

 

Då yngstejenta deira, Hanne, seinare tok vernepleiarutdanning, vart det teke initiativ til eit vidare arbeid. Med eit team av doktor, vernepleiar, fysioterapeut og ei rekkje frivillige medarbeidarar, vart  det teke kontakt med familiar som hadde utviklingshemma barn.Barna fekk behandling, foreldra fekk hjelp på forskjeller vis, og ein knytta kontakt med andre organisasjoner som arbeidde med slike.

Eit ektepar frå nordamerikansk fredskorps vart og knytt til prosjektet.

Støtte frå staten

Etter at general Rodriguez hadde leke makta, vart det vedteke at statens inntekter av pengespel som f.eks. tipping, pengelotteri, casinoar osv. skulle bli satt av til eit eige fond for å bli brukt der vanlege løyvingar ikkje gav hjelp.

DIBEN, ein organisasjon med dotter til Rodriguez som leiar, fekk ta hand om dette arbeidet. Dei fann barneheimen i Ypacarai og RBC-prosjektet så interessant at dei har gjeve misjonen eit bygg for funksjonshemma til ein verdi av omlag 1 mill norske kroner.

Dette bygget har gjeve kontor, treningssal og oppvarma symjebasseng. Her kan dei utviklingshemma koma inn til behandling, trening og få kontakt med andre barn og vaksne. NORAD og Bistandsnemda har hjeipt PYM med å dra heile prosjektet i gang.

Sjølve opninga

Etter lang tid med førebuing og arbeid, svinga så presidenten og følgjet inn porten på barneheimen tirsdag 15. juli. Æresvaktar og militærorkester frå fall-skjermtroppane, hadde teke oppstilling frå hovudvegen og inn. Landet sin kvinnelege helseminister og ei rekkje nasjonale og lokale autoritetar stilte og. Nasjonalradioen kobla seg rett på høgta-laropplegget for direktesending. Og aviser, radioar og TV deltok.

Misjonær Lars M. Førland, styraren på heimen, ønskte velkommen og fortalte om misjonen og utviklinga. Han poengterte at de utviklingshemma barna skulle kunne oppleve varmen ein heim har. Der skulle dei vera dei første og kjenne seg elska og viktige.

 

Ikkje berre eit nummer. Ein av leiarane til DIBEN heldt så tale og rosa arbeidet og dei resultata som ein kunne visa til.

 Ein av dei aller første utviklingshemma barna på heimen, Vilfrido, gav presidenten ein bibel. To jenter i rullestol gav så gaver til leiaren for DIBEN og til helseministeren.

Etter at ein representant for misjonen hadde talt og bedt Guds signing over bygget, arbeidet som blir gjort der, og forsamlinga, knytte presidenten opp snora som teikn på den offisielle opninga av bygget. Han og gjestene gjorde så ei synfaring. Interessa var tydeleg stor. Presidenten var avslappa og nytta høvet til å stilla Jorunn og Lars Førland spørsmål om heimen og misjonen. Både budsjett, historia og arbeidet til barneheimen interesserte han tydeleg.

BILDET: Ein au dei aller første utviklingshemma barna på heimen, Vilfrido, gjev presidenten ein bibel.  Foto: Oscar Delgado.

 

Fredskorps på vitjing.

Det høvde slik at same dagen kom leiaren for USA sitt fredskorps til landet, og ho ville sjå barneheimen og arbeidet som vert drive her. Prosjektet er eit føre-gangsprosjekt, fordi her arbeider både evangeliske og katolske kristne såman med utsendingar frå USA og Noreg for å hjelpa utviklingshemma i deira eige heimemiljø. Det vakte og interesse at Noreg som ligg på verdstoppen med hjelp til  u-lan-da,samanlikna med folketalet, kanaliserer ein del av pengane sine gjennom misjonsorganisasjonar. I gjennom barneheimen NORMA ser ein kor godt dette kan fungera.

Sterk godkjenning

Det vi har opplevd, er først og fremst godkjenning av Jorunn og Lars M. Førlands arbeid. Men det går 6g til dottera Hanne og alle andre misjonærar som har vore knytt i lengre eller kortare tid til dette arbeidet. Og ikkje minst er det ei godkjenning av det norske misjonsve-ner har gjort med sine bøner og sine pengar, trufaste år etter år.

Det er omlag 40 år sidan den første norske pinsemisjonæren, Bergljot Nordmoen, no Norheim, kom hit til Paraguay.

Det er omlag 35 år sidan den første norske misjonsstasjonen vart grunnlagd mellom indianarar i Paso Cadena. Utanom Bergljot Norheim, var det Ruth Kjellås og Gunvor Johansen, no Iversen som starta opp der.

For omlag 30 år sidan kom så Jorunn og Lars M. Førland og starta opp det arbeidet som har stått i fokus denne siste veka her i Paraguay.

Vi har mykje å takka Gud for.
 

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com