STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Korsets Seier 18.september 1971

Anna Strømsrud tilbake til Paraguay

Ingebjørg Tveito.

Så står utreise nr. tre til Sor-Amerika for døra for Anna Strømsrud. Etter opphaldet heime i Noreg, med stridt opplegg med møte frå sør i landet til lengst i nord, ser Anna Strømsrud fram til og stundar til avreisa. Vi vanlege menneske kunne nå tru at det var med ein del gru vår syster nærma seg stunda då ho på ny må seia farvel til mor, far og sysken, og at slektsbanda bind henne og, er naturleg. Men så gudgrepen som syster Anna er, er ho løyst frå desse naturlege bånd. Det er Kristi kjærleik som tvingar. Ho veit og om der det står i Guds ord at den som har desse ting meir kjær enn sin Frelsar, er han ikkje verd. Anna lengtar ut til sine kjære indianarar, dette ville, primitive urskogens folk, som Herren har lagt på vår systers hjarta, til desse gjev ho si kraft, sin ungdom, sin kjærleik og sine evner, andelege og lekamlege. Ho svarar så glad: ,,Her er eg, send meg!
Det var stor oppslutning på avskjedsfesten som menigheten Eben Ezer i Lårdal skipa til for syster Anna. Det er utsendarme- nigheta for vår sysler.
Laurdagskveld var det menighetsfest med taler og vitnesbyrd og festbord. Den kvelden ble og ni medlemmer ynskt velkomne til menigheten. Den eldste av dei var 93 år. Ho har før stått i Bjømør pinsemenighet. Vidare var det tre frå Mo og så fem av våre eigne ungdomar. Alle desse åtte vart døypt i Dalen i sumar. Det var ledande eldste, Torbjørn Andersen, som leida festen, og det var sers gripande då han hadde to av sine yngste barn som han såleis kunne ynskje velkomen og overrekke medlemskort.

Sundag opprann med strålande sol og ei like strålande Anna Strømsrud i sin vakre Graffa-bunad.

Hans Svartdal var hovedtalar, men det var og mange vener frå støttemenighetene, Mo, Skafså og Dalen, som var møtt fram for å gi Anna eit ord med på vegen vidare.

Ein stor, gledeleg overrasking var det at dei to unge misjonskandidatane frå Sandnes, Skrettings, var komne på vitjing. Gledeleg var det da og at desse to skal ut til Paraguay og til Anna Strømsruds arbeidsfelt der ute. Vi sukka letta på Annas vegne at ho skal få hjelp i arbeidet. Gud er god. Han høyrer bøner, så Anna kan seia som alle vi andre: ,,Hitinntil Herren har hjulpet så vel, inntil i dag, til i dag."

Skrettings er utsend frå Sandnes pinsemenighet. I siste menighets-møte vart det vedteke at Lårdal pinsemenighet skal stilla seg som støttemenighet for desse vener med ein sum av kr. 4000.- i året. Det er sikkert bruk for meir, så skulle du verta mint om å vere med i innhaustingsarbeidet blant indianarane i Paraguay, er det ,,plass" og for deg.

Dei er så unge og så gode, desse to nye Sør-Amerika-misjonærane, og dei har store oppgaver og hard forasking som ventar. Lat oss hugse desse tte kjære vener i bøn! forsaking som ventar. Lat oss hugse desse tre kjære vener i bøn!

 

 

 

Copyright ® 2012 www.pymisjon.com